ANARKI I NOREG

Melodi : Sex Pistols Tekst : Ragnar Hovland

Eg er ein anti-krist
Eg er ein anarkist
Eg veit kva eg vil, men ikkje koss eg får det
Eg skal øydelegge alt viss eg berre når det
Eg vil bli anarkist

Anarki i Noreg
Det kjem ein dag for deg og meg
Eg hatar trafikklys og kongehus.
Eg skal leggje alt i grus
Eg vil bli anarkist

La la la la .også bortetter..

Det er mange måtar å få det ein vil
Du får'kje ein dritt viss du er snill
Eg hatar alle som ikkje er fri
Så difor fram for anarki
Eg vil bli anarkist.

Du kan gjerne jobbe frå ni til fire
Men eg skal berre stå der å flire
Og viss du trur at eg tar heilt feil.
Så berre tenk på Lasse og Geir.
Eg vil bli anarkist.

La la la la .også bortetter..

Eg skal røyke ein masse hasj
Og alt det andre kan gå i dass
Eg skal faen ikkje feire jul
Eg skal gå anarkisthøgskulen
Eg vil bli anarkist.