Da ska’ bli andre boller når Papen kjem heim

Tekst : Josef G. Larssen Melodi : Monrad Holm Johnsen

Han Papen vår e’ styremann ombord på ‘LAVIK LYST’
og driv so jamt med torskefiskje aust av Grønlands kyst.
Her heime styrer Mammå, og da går no som som so
og går da altfor gale, syng ho ut da ho e’ go:

Da ska’ bli andre boller når Papen kjem heim
Papen kjem heim, Papen kjem heim.
Da ska’ bli andre boller når Papen kjem heim
Papen kjem heim til jol!

Da mammå bakte julebrød, ho var’kje mykje bli’,
for brøda este opp so kvart av dei blei stort som ti.
Me hadde sleppt i deigen sirka fire kilo gjær
og Mammå song refrenget sitt i fulle tri kvarter:

Igår so klyppte Mammå oss da gjekk i ein snubb,
og alle fekk me hårfasong på lag som åkerstubb.
Og etterpå so klyppte me han Passop og han Pus,
men da bles Mammå opp til storm og heldt eit himla hus:

I dag var me på Bua og me handla smør og stomp
til takk fekk me, av Mammå vår, ein sabbe kandisklomp.
Me delta han i fem med Papens nye barberkniv,
da Mammå såg da, ula ho nett so eit lok’motiv;

No går da snart på tampen no, med bakst og julestri,
og alle folk dei ønskjer oss ei fredfull juleti’.
Og slike gode ønskje e’ da sikkert at me treng,
for nett nå stemmer Mammå i sitt førejulsrefreng.