Hestehandlarer

Tekst : Jacob Sande Melodi : Geir Tveitt

Ein sognemann og ein forherda halling,
kom einong opp i handel om ein hest
Fyrst gjekk det dram i dram med song og tralling,
for båe tenkte: Eg skal tola mest
Men før dei vardast var det skjell og skalling
og tollekniven vart mot hælen kvæsst,
til brått dei sturta med ei kaldsleg ralling,
før dei fekk bod på sakrament og prest.

Omsider kom da lensmannen og presten
ja omsider kom da lensmannen og presten
Omsider kom da lensmannen og presten
ja omsider kom da lensmannen og presten
Men sjølve opphavt til synda , hesten
kom ingen av dei høg herrar på
Men sjølve opphavt til synda , hesten
kom ingen av dei høg herrar på

Han sto så from i skuggen utfor stova,
han stod der utfor stova og åt
Han sto så from i skuggen utfor stova,
han stod der utfor stova og åt
Og veifta fly og flugg vekk med rova,
og leska seg med frisk og saftig hå
Og veifta fly og flugg vekk med rova,
og leska seg med frisk og saftig hå.