Ola Teiten

Tekst : ?? Melodi : ??

Eg heiter Ola Teiten og eg er ein arbeidsmann
eg eig eit heimbrentapparat og gjer så godt eg kan
og bjørnen ligg i sitt vinterhi så han kjem ikkje hit
så i heile vinter har eg halde på å laga sprit
og spriten blei fin og passe brent
suddelida suddelidei
den finaste eg har kjent
suddelida suddelidei
nei det var ingen altervin
om ikkje han riv i halsen din
så skal eg ete opp hatten min
suddelida suddelidei
trala lalalala
fyll opp mitt tomme krus
Og eg har vel lempa flasker og eg har vel lempa krus
og eg har blitt lempa heim eingong til kjerring og til hus
og eg har vel spydd på brakka i vekesvis i strekk
og eg har vel banna om morran og lengta meg ti mil vekk
og festen var lang og han var svart
suddelida suddelidei
og rusen satt tungt og hardt
suddelida suddelidei
spør du meg skal du få svar
det var livet for ein kar
ifrå oktober til januar
suddelida suddelidei
trala lalalala
fyll opp mitt tomme krus
Og snart skal flaska opnas med mange store ord
da får vi sjå ein kakse som kan drikke reint et bord
og narren står og gliser -- vi har sett det så ofte før
og held ein takketale for den stolte servitør
så ropar dei alle høgt HURRA
suddelida suddelidei
og får bilete sitt i blad
suddelida suddelidei
men du ser nok ikkje oss
blant alle dei fulle folk i floss
så du kan be dei dra til Moss
suddelida suddelidei
trala lalalala
fyll opp mitt tomme krus
Så når du sitt i rusen din ein skinnande sommardag
så send ein venleg tanke til eit trufast brennerlag
som har hjulpe deg opp i frå golvet og gitt deg ei flaske til
for at du skal drekke og rølpe og spy så mykje du berre vil
mens vi laga spriten bit for bit
suddelida suddelidei
kvar liter har kosta slit
suddelida suddelidei
men spriten skal du ha
om ikkje du tykjer den er bra
lukt til helvete kan du dra
suddelida suddelidei
trala lalalala
fyll opp mitt tomme krus